Mange har klaga til Forbrukarrådet på sms-reklame frå møbelkjeda Living AS. Forbrukarrådet i Skien vurderer å melde saka til Forbrukarombodet om ikkje Living AS held opp med å sende slik reklame.
Ulovleg sms-reklame
Sist veke sende Living AS sms-reklame til folk som hadde vore kundar hos dei. Blant anna måtte kundane melde frå om dei ønskte å avslutte tenesta. Mange reagerte på det, og vi meiner det er ulovleg marknadsføring.
Sms-reklame er i utgangspunktet forboden etter marknadsføringslova så lenge ein ikkje har godteke det på førehand (§15). Eit unntak er om ein har eit laupande kundeforhold.
Regiondirektør i Forbrukarrådet Olav Kasland, fekk òg ei slik melding. Han kjøpte ein sofa på Living AS for ni år sidan.
- Ein kan vanskeleg kalle det eit laupande kundeforhold. Til og med reklamasjonsperioden er over, seier regiondirektør Olav Kasland i Forbrukarrådet.
Han vurderer å melde saka til Forbrukarombodet om ikkje Living AS held opp med å plage folk slik.
Forbrukarombodet på banen
Brot på marknadsføringslova kan blant anna føre til bøter. Det er Forbrukarombodet som handhevar marknadsføringslova. Både forbrukarar og næringsdrivande kan ta opp brot på lova, og Forbrukarombodet har allereie fanga opp sms-reklamen frå Living AS etter meldingar frå folk.
Forbrukarombodet støttar vårt syn, og heller til at dette er ulovleg. Vi vonar på vegner av forbrukarane at ombodet gjer det klårt at slik kan ein ikkje gjere, og får Living AS, og andre som er freista til å gjere det same, om å halde opp med det.







