Forbrukarombodet har den siste tida motteke klagar frå forbrukarar som har motteke sms frå Tele2 der dei blir bedt om å stadfeste bestilling av telefonabonnement på vegne av slektningar. Dette er i strid med lova, meiner Forbrukarombodet.
Forbrukarombodet har fått kjennskap til at selskapet Current Communication, som driv med telefonsal på vegne av Tele2, bryt angrerettlova og god marknadsføringsskikk gjennom salsmetodane dei nyttar.
Krav om skriftleg aksept
Reglane i angrerettlova slår fast at dersom ein inngår avtale over telefon, vert avtalen først gyldig ved skriftleg aksept av tilbodet i etterkant av kjøpet. Dette går òg fram av ekomforskrifta som gjeld for tilbydarar av elektronisk kommunikasjon.
Ein sms kan vera tilstrekkeleg for å oppfylla dette kravet, men ein ny vri i denne saka er at det ikkje er den som skal inngå avtalen som har motteke meldinga.
Spekulativ marknadsføringsmetode
Forbrukarombodet reagerar ikkje berre på at krava i lova ikkje vert etterlevd, men også på sjølve marknadsføringsmetoden som vert nytta.
I ei av sakene har klagarens bestemor blitt oppringt av Tele2, og ifølge klagaren har bestemora aldri har sagt ja til å bli kunde. Tele2 har likevel sendt ein sms til bornebornet sin mobiltelefon, der dei ber om stadfesting på at det har blitt inngått avtale. Dette framstår som ein svært spekulativ marknadsføringsmetode. At marknadsføringa i tillegg ser ut til å rette seg mot eldre personar gjer at denne i tillegg lett vil vere i strid med god marknadsføringsskikk.
Forbrukarombodet har teke saka opp med Tele2, og oppmodar dei om å slutte med denne praksisen. Tele2 har frist til 6. september 2010 på å kome med ei tilbakemelding til Forbrukarombodet.






