Mobil, sms vitser, teknologi og humor i en salig blanding
søndag 12. februar 2012

Arkiv

Over og ut med telefonkatalogen.

Telefonabonnentar som ønskjer å motta papirutgåva av dei kvite sidene i telefonkatalogen, må heretter sjølv be om slik levering. Stadig fleire abonnentar hentar no opplysningar om telefonnummer og adresse ved bruk av Internett eller sms. Denne endringa i brukarvanane gjer at det ikkje lenger er naudsynt å trykke katalogen i så store opplag som tidlegare, noko som òg kjem miljøet til gode, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Denne omlegginga går fram av eit brev som Samferdselsdepartementet i dag har sendt til Telenor AS. Dette selskapet har i dag plikt til å gje ut Telefonkatalogen – kvite sider i trykt og elektronisk versjon til alle abonnentar i mobil- og fastnettet. Den gjeldande ordninga går ut på at alle abonnentar som ikkje aktivt har reservert seg, automatisk får Telefonkatalogen – kvite sider levert i papirutgåve.

Endringa som Samferdselsdepartementet administrerer, omfattar berre dei kvite sidene i telefonkatalogen.

Leave a Reply



eXTReMe Tracker
Blogglisten